Fellestrening i oktober

Laurdag 5. oktober sykla Frode, Egil V., Dag, John Henry, Åsmund, Bent, Roald, Ole Christian og Hanne og Knut rundt øya. Det var fint ver og ganske høg fart.

Søndag 6. gjekk det noko rolegare med Dag, John Henry, Jostein, Roald og Knut. Det blei ei punktering, men elles gjekk turen greit.

Den 12. og 13. oktober var rapportskrivaren på reise, men det var sjølvsagt ryttarar på tur begge dagane, mellom andre Espen, John Henry, Egil K., Hallgeir og Frode.

19. oktober var rapportskrivaren på plass att saman med Espen, Frode, Åsmund, Egil V., Remi, Vidar L. og Freddy. Perfekt ver for ein hausttur.

20. oktober var like fin, og Roald, Espen, Egil K., Jostein, Bent, Hallgeir, Stein og Knut tok turen.

Sesongen er nå slutt, og det er tida for rolege langturar. Dette er ikkje lett med sterke syklistar som ønskjer større fart, men det er lurt å halda farten nede på desse fellestreningane.

Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift