Første fellestrening i november

Det blei ein roleg tur for ein halvsjuk rapportskrivar 2. november. Eit gammalt jungel-ord seier at ein roleg tur rundt øya hjelper mot alle fysiske og psykiske plager.

Dag var også presis kl. 9 ved Esso, men han jakta på Frode som sykla framfor oss. Me valde difor å dela feltet.

Søndag 3. blei også ein roleg tur for Jostein, Espen, Alexander K., Vidar L., Per Magne og Knut. Gunnleiv var også på tur frå Bømlo denne dagen, og blei med oss ei stund.

Begge dagane var fine for sykling, med fint, stilt ver. Det er likevel kaldare i veret, og vinterbunaden må fram.

Knut


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift